Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter

Ledig stilling

Lærar ved Oppvekst Borgund

Oppvekst Borgund er eit oppvekstsenter med barnehage og skule (1-7). Skulen har i overkant av 20 elevar. Skulen ligg i sentrum av Borgund. Me er ein grendaskule, som har fokus på samhald og er stolt over å kunne nytta lokalmiljøet i arbeidet vårt. For tida er barnehage og skule lokalisert i to ulike bygg. Nytt oppvekstsenter vil stå ferdig hausten 2024.

Fylgjande stilling vert ledig frå august 2024

 Fast undervisningsstilling i 100%

 

Krav til/ynskje om utdanning:

  • Godkjent grunnskulelærarutdanning 1.- 7. trinn
  • Det er ynskjeleg fagkrets norsk og matematikk.

For stillinga gjeld:

  • Ynskjeleg med undervisningserfaring i skulen
  • Søkjar må rekna med å undervise i ulike fag, og i alle trinn
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter krav i opplæringslova

 Personlege eigenskapar:

  • Positivt elevsyn med evne til å skape gode relasjonar
  • Trygg klasseleiar
  • Er fleksibel med god arbeidskapasitet
  • Har gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Oppvekst Borgund

Kontaktpersonar:

Linda Maristuen

mob: 41513567

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: