Ledig stilling
Lærar ved Oppvekst Borgund
Oppvekst Borgund er eit oppvekstsenter med barnehage og skule (1-7). Skulen har i overkant av 20 elevar. Skulen ligg i sentrum av Borgund. Me er ein grendaskule, som har fokus på samhald og er stolt over å kunne nytta lokalmiljøet i arbeidet vårt. For tida er barnehage og skule lokalisert i to ulike bygg. Nytt oppvekstsenter vil stå ferdig hausten 2024.
Fylgjande stilling vert ledig frå august 2024
Fast undervisningsstilling i 100%
Krav til/ynskje om utdanning:
- Godkjent grunnskulelærarutdanning 1.- 7. trinn
- Det er ynskjeleg fagkrets norsk og matematikk.
For stillinga gjeld:
- Ynskjeleg med undervisningserfaring i skulen
- Søkjar må rekna med å undervise i ulike fag, og i alle trinn
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter krav i opplæringslova
Personlege eigenskapar:
- Positivt elevsyn med evne til å skape gode relasjonar
- Trygg klasseleiar
- Er fleksibel med god arbeidskapasitet
- Har gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.05.2024
Tiltreding:
01.08.2024
Arbeidsstad:
Oppvekst Borgund
Kontaktpersonar:
Linda Maristuen
mob: 41513567
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal