Lærdal kommune Pleie og omsorg

Ledig stilling

Sjukepleiar/vernepleiar 100 % fast stilling ved Lærdal bu og omsorgsheim

 

Me har ledig:

100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Lærdal bu og omshorgsheim (institusjon)

Stillinga har turnus med arbeid kvar 3. helg, eventuelt langvakter på helg.

 

Ynskjer du deg ein spanande jobb med faglege utfordringar med moglegheit for utviklling?

Då ser me etter akkurat deg

Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplev å

meistre sin sjukdom/ helseplager i størst muleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å

avdekke forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er

målsetnaden. 

Ernæringskartlegging, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, palliasjon og medisinsk oppfølging vil vere stikkord i

ditt arbeid. Samt tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialitshelsetenasta. 

Pleie og omsorg har kome langt med å ta i bruk velferdsteknologi i den daglege drifta.

Er dette deg?

  • Høg arbeidsmoral
  • Ynskjer fagleg og personleg utvikling
  • Trives med menneske
  • Fleksibel og god på samhandling - finne den beste løsninga
  • Serviceinnstilt og positiv
  • Handlingsorientert og ansvarsbevisst
  • Evne til å arbeide i eit hektisk miljø 

Kjenner du deg att, ynskjer me oss gjerne ein søknad frå deg.

Hjå oss får du:

  • Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer
  • Fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Moglegheit for vidareutdanning
  • Fagleg utvikling/kurs
  • Støttande leiing
  • Gode pensjonsordningar, ulykkes- og gruppelivsforsikring 

Krav til kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Førerkort klasse B - godkjent i Norge
  • Gyldig politiattest
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

Lønsvilkår:

  • Lønn etter tariff
  • Pensjonsordning KLP 

Me kan tilby:

  • Eit rekrutteringstilskot kr 50 000,- med bindingstid 2 år på den faste stillinga
  • Kompensasjon for å gje rettleiing til student 

Om arbeidsgjevaren:

Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.

Kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.

Totalt er vi ca 75 tilsette i heile pleie og omsorg, og kanskje vert du vår nye kollega.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.04.2024

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Lærdal bu og omsorgsheim

Kontaktpersonar:

Monika Obara

mob: 47486685

Toril Grøthe

mob: 91360633

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: