Lærdal kommune Tekniske Tenester

Ledig stilling

100% fast stilling som fagarbeidar ved teknisk eining

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

 

Me har ledig stilling:

Då ein av våre tilsette skal pensjonere seg,  søker me etter 100% fast stilling som fagarbeidar ved teknisk eining.

Stillinga høver både for kvinner og menn.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere allsidige, interessante og i utgangspunktet vera knytt opp mot drift- og vedlikehald av kommunen sine eigedommar (FDV).

Arbeidsoppgåver i tilknyting parkar, vegar, og tekniske anlegg, vil i periodar òg vere aktuelt. Den som vert tilsett vil òg delta i kommunalteknisk beredskapsvakt, samt gjera teneste i brannvernet, dersom det ligg til rette for dette. 

Krav til utdanning og tidlegare røynsle:

Me søkjer etter personar med fagbrev og/eller allsidig røynsle frå drift og vedlikehald av eit eller fleire av fagområde til dømes elektrikar, maskin, røyrleggar, tømrar med meir. 

Søkjar må ha førarkort for bil og traktor. Maskinførarbevis er ønskjeleg.

Me søkjer etter deg med personlege eigenskapar som:

  • Gode samarbeidsevne og stå på vilje
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen
  • Vere serviceinnstilt og like å jobbe i team
  • Vere fleksibel og kunne jobbe sjølvstendig med allsidige oppgåver
  • Me kan til ein viss grad tilpassa arbeids- og ansvarsområde i forhold til den aktuelle søkaren sin faglege bakgrunn og interesse.

Lønnsvilkår:

  • Lønn etter tariff

Me kan tilby:

  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk
  • Pensjonsordning med 2% innbetaling til KLP
  • Gode arbeidsforhold
  • Varierte arbeidsoppgaver

Send søknaden via:

Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar"

 

Del på:

Referansenummer:

24/301

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.04.2024

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Ttekniske tenester

Kontaktpersonar:

Harald Stadheim

mob: +47 97526998

Tor Magne Gjerde

mob: 91703067

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: