Lærdal kommune Sogn LMS og helse

Ledig stilling

Vikariat helsesjukepleiar

Me har ledig:

100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta

Helsestasjonen har to helsesjukepleiarar i tilsaman 200 % stilling og jordmortenester i 20 % stilling. Tenesta følgjer opp alle barn og unge frå 0-20 år.

 

Me søkjer ein initiativrik og engasjert helsesjukepleiar som har interesse og engasjement for førebyggande og helsefremmande arbeid med vekt på barn, unge og familiar.

Kvalifikasjonskrav:

  • Off.godkjend sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
  • Sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning kan og vere aktuelt
  • Digital kompetanse
  • Førarkort for personbil

Arbeidsoppgåver:

  • Helseopplysning og helseundersøking i medhald til helsestasjonsprogrammet
  • Undervisning i relevante tema til grupper og skuleklasser
  • Rettleiing av barn, unge og foreldre/føresette
  • Vaksinasjon i medhald til barnevaksinasjonsprogrammet
  • Følge opp barn og unge med spesielle behov
  • Helsekartlegging og oppfølging av busette flyktningar
  • Tverrfagleg samarbeid på system og individnivå
  • Fokus på tidleg innsats og arbeid etter BTI modellen 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibilitet og strukturert
  • Innovativ og vilje til nytenking, omstilling og problemløysing

Me kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollega som er fagleg engasjerte og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Offentleg tenestepensjonsordning
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.05.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Skulane i Lærdal

Kontaktpersonar:

silje Langehaug

mob: +47 48 05 62 95

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: