Lærdal kommune Lærdalsøyri skule

Ledig stilling

100% fast stilling som faglærar/kontaktlærar

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

100% fast stilling som faglærar/kontaktlærar

Krav til/ynskje om utdanning:

  • Godkjent grunnskulelærarutdanning 5. – 10. trinn
  • Me søkjer etter lærarar med fagkretsane norsk, engelsk, spansk og spesialpedagogikk
  • Det er og ynskjeleg med faga KRLE og samfunnsfag og naturfag

For stillinga gjeld:

  • Ynskjeleg med undervisningserfaring i skulen
  • Gode IKT kunnskapar
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter krav i opplæringslova

Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • Positivt elevsyn med evne til å skape gode relasjonar
  • Trygg klasseleiar
  • Er fleksibel med god arbeidskapasitet
  • Gode samarbeidsevner

 Me kan tilby:

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Søknaden skal sendast elektronisk via Lærdal kommune sine heimesider: www.laerdal.kommune.no

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Lærdalsøyri skule

Kontaktpersonar:

Magne Klepp

mob: 97635919

Adresse:

Skulevegen 11 6887 Lærdal

Kart: