Lærdal kommune Lærdalsøyri skule

Ledig stilling

Assisterande rektor ved Lærdalsøyri skule

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

100% fast stilling som assisterande rektor

Kvalifikasjonar:

  • Søkjaren må ha godkjent pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå arbeid i skulen
  • Det er ønskjeleg med leiarkompetanse/leiarerfaring
  • Kunnskap om og interesse for pedagogisk utviklingsarbeid
  • Gode IKT ferdigheiter
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for skuleutvikling i samråd med rektor
  • Ansvar for vikarhandtering, handsaming av fråvær og avspasering
  • Ansvar for timeplanlegginga og utarbeiding av arbeidsplanar
  • Personalansvar
  • DKS kontakt
  • Ansvar for å planlegge og tilrettelegge for skriftleg og munnleg eksamen i samråd med IKT-ansvarleg og faglærar
  • Halde seg pedagogisk oppdatert
  • Vidareformidle nytt frå Udir, Statsforvaltaren og liknande til lærarane i samråd med rektor
  • Ansvar for påmelding og oppfølgjing av kartleggingsprøvar og Nasjonale prøvar i samarbeid med lærarane
  • Ansvar for å administrere fellesmøte, plangruppemøte og liknande i samråd med rektor
  • Undervise ved behov

Oppgåvene kan bli endra etter behov.

Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • Tydeleg, positiv og inkluderande
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Lojal
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter

Me kan tilby:

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter krav i opplæringslova

Søknaden skal sendast elektronisk via Lærdal kommune sine heimesider: www.laerdal.kommune.no

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Lærdalsøyri skule

Kontaktpersonar:

Magne Klepp

mob: 97635919

Adresse:

Skulevegen 11 6887 Lærdal

Kart: