Lærdal kommune Økonomi

Ledig stilling

Fagleiar personal

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Lærdal kommune har ledig spennande stilling som fagleiar for personal. Kommunen er i ein omstillingsprosess, og har nyleg vedteke ny organisasjonsmodell med  organisering i fire kommunalområde med felles økonomi- og stabsfunksjon.

Fagleiarstillinga vert organisert saman med lønnsfunksjonen i økonomiavdelinga.

 Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Planar og system knytt til  kommunen sin arbeidsgjevar- og personalpolitikk
  • Leiarstøtte innan personalfeltet
  • HMS, internkontroll og avvikshandtering
  • Rekruttering og kompetanseutvikling
  • Lokale lønnsforhandlingar
  • Samordning og kontakt opp mot hovudtillitsvalde og hovudverneombod
  • Sekretær for Arbeidsmiljøutvalet og sakshandsaming til Administrasjonsutvalet
  • Andre oppgåver som er relevant for løns- og personalfeltet, må påreknast

 Kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Utdanning på minimum bachelor-nivå; gjerne innenfor administrasjons- og organisasjonsfag, juridiske fag eller veiledningskompetanse
  • Arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskrav
  • Dokumentert erfaring frå leiing, prosjektleiing eller andre døme på gjennomførte oppgåver som er relevant for arbeidsområde 

 Personlege eigenskapar:

  • Evne til å kommunisere, skape kontakt og tillit opp mot tilsette, leiarar arbeidstakarorganisasjonene
  • Stor arbeidskapasitet og høg integritet
  • Ivareta rolla som positiv bidragsytar i heile organisasjonen

 Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med kjekke og dyktige kollega
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
  • Fleksitidsordning

Tilsetting skjer elles med dei plikter som går fram av utlysinga, og det til ei kvar tid gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.10.2024

Tiltredelse:

snarast

Arbeidssted:

Lærdal kommune

Kontaktpersoner:

Lars Grenager

mob: 922 25 667

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: