Lærdal kommune Sogn LMS og helse

Ledig stilling

Helsesjukepleiar 100 % vikariat

Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar og engasjera deg for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid?

Då er dette stillinga for deg!

Me har ledig 100 % vikariat frå dags dato og ut januar 2026, med moglegheit for forlenging.

Me har stort fokus på tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid, og jobbar etter BTI modellen. I stillinga får du høg grad av friheit til å organisere arbeidsdagen slik du vil, innanfor gitte rammer. Me har også fleksitidsløysing slik at ein kan tilpasse arbeidskvardagen. Det er moglegheit for heimekontor i dei periodane det passar drifta, med inntil ein dag i veka.

Me er ei lita teneste, men likevel opptekne av å ha felles møtepunkt, fagleg støtte og utvikling i jobben. Tenesta er organisert som ei avdeling under sektor for oppvekst, og har felles kommunalsjef med mellom anna skulane og barnehagane i kommunen.

Leiande helsesjukepleier er leiar for tenesta, i tillegg til svangerskapsomsorga og psykisk helsetjeneste for barn og unge som er under etablering.

Kvalifikasjonskrav:

• Vidareutdanning som helsesjukepleiar, men sjukepleiarar med norsk autorisasjon utan vidareutdanning kan også søkje

• Førarkort klasse B

• Gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

• Må ha evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

• Må ha gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse

• Må ha evne til å tole høgt arbeidspress i periodar

• Det er ein fordel om du også er fleksibel og tilpassingsdyktig

Arbeidsoppgåver:

• Konsultasjonar i medhald til programmet i helsestasjons- og skulehelsetenesta

• Undervisning i relevante tema for grupper og skuleklasser

• Rettleiing av barn, unge og deira foreldre/føresette

• Gjennomføre fyrstegongs- samtale med nykomne flyktningar

• Følgje opp barnevaksinasjonsprogrammet

• Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid i medhald til BTI modellen

• Smittevern

• Og andre førefallande oppgåver

Me kan tilby:

• Eit godt arbeidsmiljø der me legg til rette for personleg utvikling

• Moglegheit for kompetanseheving

• Spanande og varierte arbeidsoppgåver

• Offentleg tenestepensjonsordning

• Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Kontaktpersonar:

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: