Lærdal kommune

100% fast stilling som lærar i Lærdal kommune

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.

Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.  

Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les her. Så - har du lyst til å vere kontaktlærar? Har du undervisningskompetanse for 1.-7.klasse? Då kan denne stillinga vere aktuell for deg og du har all grunn til å lesa vidare.

Utdanning/kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7.trinn eller 5.-10.trinn
  • Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om tilsetting og før tiltreding.
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg på minimum B2 nivå.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Arbeidsoppgåver og arbeidstid:

  • Undervisning i klassar
  • Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
  • Samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidsaktørar
  • Vera bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

 Me tilbyr:

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme og eit spennande kollegium

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vera tilknytt Borgund oppvekstsenter. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge skulane i kommunen.

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

28.01.2025

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Lærdal

Kontaktpersonar:

Linda Maristuen

mob: 41513567

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: