Ledig stilling
Sjukepleiar/vernepleiar til KAD-avdeling
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.
Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Om du bur i bygdi frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les her.
Om stillinga
Lærdal kommune skal etablera kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu- og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me fleire sjukepleiarar.
KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatta innlegging i sjukehus. KAD skal etablerast ved institusjonen Lærdal bu- og omsorgsheim, frå mai 2025.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning/vernepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.
Du vil arbeida i team, saman med sjukepleiarar/vernepleiarar, der stillinga er kombinert med vakter i institusjon eller heimebasert omsorg. Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak.
Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og gode haldningar
- God observasjonskompetanse
- Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
- Teknisk god på sjukepleiarprosedyrar
- Evne til å arbeida i eit hektisk miljø
- God til å arbeida både sjølvstendig og i samarbeida med andre
- God på skriftleg og munnleg dokumentasjon
- Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla seg vidare
Hjå oss får du:
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
- relevant erfaring vert vektlagd
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning
- Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
05.02.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Pleie og omsorg
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal