Lærdal kommune Pleie og omsorg

Fulltid som sjukepleiar på KAD-avdeling. Rekrutteringstilskot

Fulltid som sjukepleiar på KAD-avdeling. Rekrutteringstilskot

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Om stillinga

Lærdal kommune skal etablera kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu- og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me fleire sjukepleiarar. 

KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatta innlegging i sjukehus. KAD skal etablerast ved institusjonen Lærdal bu- og omsorgsheim, frå mai 2025. 

Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning til ein spannande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus.

Du vil arbeida i team, saman med sjukepleiarar/vernepleiarar, der stillinga er kombinert med vakter i institusjon eller heimebasert omsorg. Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak. 

Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring. 

Er dette deg?

  • Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
  • Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
  • Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare

Hjå oss får du:

  • Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
  • Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
  • Støttande leiing
  • Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd 

Kva kvalifikasjonar krev me?

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førerkort klasse B - godkjent i Norge
  • Gyldig politiattest
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
  • relevant erfaring vert vektlagd 

Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:

  • Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter  for vidareutdanning
  • Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
  • Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar

 Lærdal kan by på:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.04.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Pleie og omsorg

Kontaktpersonar:

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: