Ledig stilling
100 % fast stilling som rettleiar ved NAV Aurland og Lærdal
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.
Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Og viss ei stilling som rettleiar på Nav er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare
I denne stillinga vil du jobba på Nav Aurland og Lærdal. Her er me f.t. 9 tilsette. Me har arbeidsstad i to lokale. Vangen 1 i Aurland og Øyraplassen 7 i Lærdal, som er Rådhusa i dei to kommunane.
Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar:
- Minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule, gjerne innan sosial- eller samfunnsfagleg retning. Utdanning innan rettleiingsfag kan også eigne seg.
- Erfaring frå navkontor blir vektlagt
- Gode ferdigheiter med kommunikasjon, skriftleg, og munnleg. Du er rask og trygg i bruk av ulike elektroniske verktøy
- Me søkjer deg som er positiv og reflektert som person
- Det er ei føremon med førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver, metodar og arbeidstid:
- Oppfølging av brukarar med rettleiing av god kvalitet, der målet er å komme i arbeid og aktivitet. Oppfølging og sakshandsaming etter Sosialtenestelova
- Samarbeide med verksemder og flyktningtenesta
- Nytte rettleiings-metodar i arbeidet
- Samarbeide med andre organisasjonar for å nå gode brukarmål
- Arbeid for flyktningtenesta, andre oppgåver og endringar i oppgåver kan påreknast
Me tilbyr:
- Løn etter tariff
- Trygge vilkår som offentleg tilsett
- Mogeleg med heimekontor etter nærare avtale
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.02.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Lærdal/Aurland
Kontaktpersonar:
mob: 90991539
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal