Ledig stilling
Assistent til hovudkjøkken, tilkalling
Pleie og omsorg i Lærdal kommune søker tilkallingsassistent til arbeid på kjøkkenet ved Lærdal bu og omsorgsheim.
Kjøkkenet lagar mat til kring 60 faste tenestemottakarar kvar dag, og har i tillegg faste bestillingar til andre einingar i kommunen. Norsk tradisjonsmat med fokus på gode råvarer, gjerne lokale, og mat frå botnen av. Kjøkkenet har 4 faste kokkar, som arbeider i turnus på dagtid
Me er samlokaliserte med institusjon, heimebasert omsorg, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio/ ergo, koordinator og administrasjon i pleie og omsorg, med fokus på samarbeid!
Me søkjer deg med interesse og erfaring frå matlaging, som ynskjer å bidra til gode matopplevingar for våre tenestemottakarar. Stillinga som tilkallingsvikar har mogelegheit for kontrakt på ferie/vikariat/helg.
Dine oppgåver vil være å bistå teamet på kjøkkenet, med oppgåver som er knytt til produksjon; smørje brød, kutte frukt/grønsaker, bake, koke, diettar, reinhald.
Vårt kjøkken har eit godt renommé, er eit viktig ansikt utad og samskapar av gode opplevingar!
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og gode haldningar
- Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løysninga
- Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
- God til å arbeide både sjølvstendig, og samarbeide med andre
- Gjer til kjenne det du ynskjer å lære, slik at du får den opplæringa du har behov for
Hjå oss får du:
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Mogelegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg, offentleg, verksemd
Kva kvalifikasjonar krev vi?
- Assistent/ Ufaglært
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia.
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids SFO for 1 klassinger, gratis deltids SFO til 3 klasse.
- Gratis kommunale bustadtomter, rett ved Borgund sentrum
- Eit vel av fritidsmogelegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots
- Eit rikt organisasjon og kulturliv, med mange små og mellomstore arrangement gjennom året, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakfisk-VM, motbakke og terrengløp.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
23.02.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Pleie og omsorg
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal