
Sommarjobb
Lyst å jobba som ferievikar i bu- og miljøtenesta?
Bu- og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar.
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
- autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar eller andre med sosialfagleg høgskuleutdanning
- hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- studentar i desse studieretningane er velkomne til å søkja. Til studentane innan helsefag har kommunen rekrutteringstilskot med lønn som fagarbeidar med 0-4 års ansiennitet etter 1. studieår, og fagarbeider med 8 års ansiennitet etter 2. studieår
- assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid
Arbeidsoppgåver:
Praktisk og personleg oppfølging i daglege gjeremål
Personlege eigenskapar:
- gode samarbeidsevner
- fleksibilitet
- ansvarsbevisst og påliteleg
- lojalitet
Me kan tilby:
- varierte og spennande arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø
- opplæring og rettleiing
- moglegheit for vidare vikarstilling
Arbeidstid:
Oppstart frå veke 25 til og med veke 33. Det er ynskjeleg at du oppgjev i søknaden når du kan arbeida.
Turnusen har hovudsakleg langvakter, men ein må pårekne kortare vakter også, i tillegg til nattevakter. Det er i hovudsak arbeid kvar 4. helg,men det kan koma til ekstra helg i arbeidsperioden.
Lønnsvilkår:
Lønn etter tariff
Del på:
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
01.05.2025
Tiltreding:
Sommaren 2025 - etter avtale
Arbeidsstad:
Lærdal kommune
Kontaktpersonar:
Hilde Lysne
mob: 90500039
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal