
Fulltidsstilling som arealplanleggjar og prosjektleiar
Fulltidsstilling som arealplanleggjar og prosjektleiar
Ønskjer du ein spanande jobb innan eit viktig arbeidsfelt? Lærdal kommune søkjer etter arealplanleggar i 100 % fast stilling.
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
For tida arbeidar kommunen og NVE med eit større flaumsikringsprosjekt for å sikra eksisterande busetnad på Lærdalsøyri - les meir på Lærdal kommune si nettside ved å klikka på denne lenkja. Er du den arealplanleggaren og prosjektleiaren som Lærdal kommune treng i samband med blant anna flaumsikringsprosjektet?
Arbeidsoppgåver:
- Prosjektleiar/oppdragsleiar knyta til flaumsikring av Lærdalsøyri vert ei hovudoppgåve for stillinga dei fyrste åra.
- Planlegging og reguleringsplanarbeid, grunneigaravtalar, m.m. i nært samarbeide med eigen organisasjon og NVE.
- Saksbehandling og rådgjeving på kommunalt nivå etter plan- og bygningsloven, inkludert saksførebuing til politiske organ
- Styring av innleigd kompetanse/rådgjevarar
- Oppgåver knytt til kommuneplanen sin arealdel og andre overordna arealplanar
- Planarbeid med sentrumsutviklinga elles
- Arbeidsoppgåver i tilknyting til samfunnsikkerheit og beredskap
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning frå høgskole eller universitet
- Relevant, allsidig plankompetanse og erfaring med prosjekt/prosjektleiing
- God kjennskap til planprosessar etter plan- og bygningsloven, samt god rolleforståing
- Evne til balansert samhandling og samarbeid, både eksternt og internt
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar:
- Strukturert, initiativrik og utviklingsorientert
- God vurderingsevne
- Du må kunna handtera interessekonfliktar som kan oppstå i arbeidet
- Lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gjennomføringskraft
Me kan tilby:
- Ein spennande og variert arbeidskvardag, saman med anna arealplanlegger og elles eit breitt fagmiljø
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
- Konkurransedyktige lønnsvilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstidsordning
Det pågår for tida eit arbeid der målsettinga er å utvida det interkommunale plansamarbeidet mellom kommunane i Sogn for å styrka fagmiljøet. Dette kan medføra endringar på sikt.
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad ved behov
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2. klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
- Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Del på:
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
27.04.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Lærdal kommune
Kontaktpersonar:
Harald Stadheim
mob: +47 97526998
Heimeside:
www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal
Kart:







