
100% årsvikariat i bu- og miljøtenesta
100% årsvikariat i bu- og miljøtenesta
Me har eitt årsvikariat i 100% stilling ledig frå juni 2025. Bu og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar.
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.
Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Og viss eit årsvikariat i bu- og miljøtenesta er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare.
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
- autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar eller andre med sosialfagleg høgskuleutdanning
- hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid
Arbeidsoppgåver:
Praktisk og personleg oppfølging i daglege gjeremål
Personlege eigenskapar:
- gode samarbeidsevner
- evne til fleksibilitet
- er ansvarsbevisst og lojal
- Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:
- ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø
- opplæring og veiledning
- eit bra fagmiljø med mykje kompetanse
Arbeidstid:
Turnusen er hovudsakleg langvakter og arbeid kvar 4.helg, men det kan koma til ekstra helgearbeid i arbeidsperioden.
Lønnsvilkår:
Lønn etter tariff
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
01.04.2025
Tiltreding:
Juni 2025
Arbeidsstad:
Lærdal kommune
Kontaktpersonar:
Hilde Lysne
mob: 90500039
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal