
100% fast stilling som pedagogisk leiar
100% fast stilling som pedagogisk leiar
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.
Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse.
Har du lyst til å vera pedagogisk leiar i Lærdal kommune, då kan denne stillinga vera aktuelle for deg og du har all grunn til å lesa vidare.
Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage med litt over 100 barn. Me har eit fleirkulturelt og inkluderande barnehage- og arbeidsmiljø, der læring gjennom leik er særleg viktig.
I Lærdalsøyri barnehage har barn og vaksne fokus på å skape ein berekraftig barnehage. Me har eigen kjøkenressurs som legg til rette for pedagogisk aktivitet kring matlaging og dyrking av eigne råvarer, tett i samarbeid med det pedagogiske personalet på avdelingane.
Gjennom «rettleiingstimen» møtast me i grupper for å utvikle eigen- og felles pedagogisk praksis. Me løyser utfordringar saman, og nyttar forsking og erfaring i dei pedagogiske vala me tek.
Me søkjer etter ein pedagogisk leiar i fast 100% stilling. Tiltreding etter avtale, seinast 15.august 2025 ved oppstart av nytt barnehageår.
Utdanning/kvalifikasjonar for alle stillingane
- Godkjent barnehagelærarutdanning
- Erfaring som pedagogisk leiar er ein føremon
- Vidareutdanning innan leiing, rettleiing, leik, språkutvikling eller spesialpedagogikk er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner
- Du er oppteken av barn si utvikling, og har fokus på leik og læring gjennom trygge relasjonar
- Du har god kjennskap til rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver
- Du trivst med å jobba tett på barna, og samarbeider godt med foreldra deira
- Du vert opplevd som ein trygg og tydeleg vaksenperson i møte med barna våre
- Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo
- Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet
Arbeidsoppgåver:
- Planlegging- og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i barnehagen
- Leia det pedagogiske arbeidet og foreldresamarbeidet på avdelinga
- Rettleia personalet på avdelinga
- Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
- Vera del av den pedagogiske leiargruppa i barnehagen
- Samarbeida tett med einingsleiar og assisterande styrar
- Tverrfagleg samarbeid med PPT, BUP, barnevern, helsestasjon og andre samarbeidspartar
- Deltaking i grupperettleiing og kompetanseutvikling gjennom REKOMP
- Vera bidragsytar til eit godt- og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
- Tilrettelegging for å ta vidareutdanning gjennom UDIR si kompetansesatsing
- Moglegheit for å søkja om rekrutteringstilskot kr 60 000,-
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vera tilsett i Lærdal kommune. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge barnehagane i Lærdal kommune.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.03.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Lærdal kommune
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal