Lærdal kommune

Heiltid årsvikariat som økonomikonsulent

Heiltid årsvikariat som økonomikonsulent

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Har du lyst til å vera økonomikonsulent  i Lærdal kommune? 

Me ser etter ny medarbeidar på avdelinga for økonomi, HR og IKT. Stillinga blir utlyst som eit årsvikariat, men det kan bli moglegheit for forlenging. Lærdal kommune har delt tenesteområda inn i fire kommunalsjefområder, og avdelinga vår yt støttefunksjonar til desse områda. 

Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar: 

  • Høgare utdanning på bachelornivå innan økonomi/administrasjon er ønskjeleg 
  • Erfaring med digitale økonomiverktøy og system 
  • Erfaring innan økonomi og lønsarbeid, gjerne frå offentleg sektor 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert 

Relevant praksis kan kompensera for manglande formell utdanning. 

Arbeidsoppgåver og arbeidstid: 

  • Oppgåver knytt til fakturamottak 
  • Fakturering og innkreving 
  • Oppgåver knytt til fagområdet løn 
  • Andre oppgåver kan tilkoma etter avtale med leiar 

Me tilbyr:  

  • Løn etter avtaleverk 
  • Fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor 
  • Arbeidsstad på rådhuset i Lærdal i lag med kring 30 kollegaer 
  • Offentleg tenestepensjon i KLP 

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Del på:

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

27.04.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Lærdal kommune

Kontaktpersonar:

Lars Grenager

mob: 922 25 667

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: