Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage

Er du utdanna barnehagelærar og ønskjer å arbeide som pedagogisk leiar?

100% fast stilling som pedagogisk leiar i Lærdalsøyri barnehage

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Har du lyst til å jobba med ein gøyal gjeng i Lærdalsøyri barnehage?

I Lærdalsøyri barnehage jobbar me for å gjere Lærdal kommune til ein god stad å bu. Me ser etter deg som likar born, er god på relasjonsbygging, samarbeid og utvikling. Du må like å leia, og trivst med dei utfordringar som følgjer ei slik rolle.  

Som pedagogisk leiar har du det overordna ansvaret på avdelinga. Du må trivast med og vere god på foreldresamarbeid. Du må ha oversikt og sjå behova til både enkeltbarn og barnegruppa.

Du må vera fagleg sterk og trygg på ditt syn på barn. Som pedagogisk leiar samarbeider du tett med PPT, barnevern, helsestasjon og andre samarbeidspartar.

Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal» satsar Lærdal kommune på «Betre tverrfagleg innsats». Les meir her Tett på barn og unge i Lærdal - Tett på barn og unge.

Me deltek for tida i eit REKOMP utviklingsarbeid med fokus på næringsrik og berekraftig mat i barnehagen. Utviklingsarbeid er ein viktig del av vårt pedagogiske arbeid, og for å lukkast med dette må alle tilsette bidra aktivt.

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Barnehagelærarutdanning – eller ønskje om å starta på denne utdanninga
  • Det er ei føremon med leiarerfaring
  • God på relasjonar og samarbeider godt med dei rundt deg
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Ansvarsfull, sjølvstendig og likar ein travel og hektisk arbeidskvardag
  • Du må beherske digitale verktøy, opplæring vert gitt

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna leiaransvar på avdelinga
  • Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar på avdelinga
  • Observasjons-, vurderings- og dokumentasjonsarbeid knytt til enkeltbarn og barnegruppa
  • Gjennomføring av foreldresamtalar
  • Samarbeida tett med eksterne samarbeidspartar
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast

Me tilbyr:

  • Ein variert arbeidskvardag
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø
  • Tilsetting i ei trygg, offentleg, verksemd
  • Moglegheiter for å ta barnehagelærarutdanning

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Lærdal - Lærdalsøyri barnehage

Kontaktpersonar:

Anne Magrete Hatlelid

tlf: 40825575

mob: 40825575

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: