Lærdal kommune

Bli del av eit utviklingsorientert læringsfelleskap?

To 100% årsvikariat som lærar

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Har du lyst til å vera lærar i Lærdal kommune?

På Lærdalsøyri skule jobbar me for å skapa eit trygt og læringsfremjande miljø for alle elevar. Me søkjer lærarar som byggjer gode relasjonar, samarbeider godt og har eit ekte engasjement for elevane si utvikling.

Hjå oss blir du ein del av eit sterkt profesjonelt læringsfellesskap der me samarbeider tett, delar kompetanse og støttar kvarandre i arbeidet. 

Me tilbyr to 100 % årsvikariat for skuleåret 2026–2027 med moglegheit for fast tilsetjing.

Utdanning/kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning for 5. - 10. trinn
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Undervisningskompetanse i fleire av faga matematikk, naturfag, engelsk, spansk, norsk og musikk
  • Undervisningserfaring er ønskjeleg
  • Erfaring som kontaktlærar er ønskjeleg
  • God digital kompetanse i eige arbeid og i læringsarbeid med elevane
  • Det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknadspapira, men leggjast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar:

  • God relasjonell kompetanse i møte med elevar, foreldre og kollegaer
  • Gode samarbeidsevner
  • God forståelse for rolle og profesjon
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr:

  • Eit utviklingsorientert læringsfelleskap der elevane sitt lærings- og skulemiljø står i fokus
  • Dyktige kollegaer som samarbeider godt
  • Rettleiing for nyutdanna lærarar
  • Tett oppfølgjing frå skulen si leiing
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjonsordningar

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Lærdal kommune

Kontaktpersonar:

Magne Klepp

mob: 97635919

Adresse:

Skulevegen 11 6887 Lærdal

Kart: