Lærdal kommune

Søk stilling som er open på kompetansekravet

100% vikariat som miljøarbeidar i bu- og miljøtenesta

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Bu og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar. Denne stillinga er i utgangspunktet eit vikariat som varar ut mars 2027, med moglegheit for forlenging

Arbeidsoppgåver:

Praktisk og personleg oppfølging i daglege gjeremål

Kvalifikasjonskrav til søkjar:

Stillinga er open på kompetansekravet, alle kan søkja! Søkjarar med 3 årig helsefagleg utdanning og fagarbeidarar innan helse vil bli prioriterte.

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeidsevner
  • evne til fleksibilitet
  • er ansvarsbevisst og lojal
  • kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Me kan tilby:

  • ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver
  • godt arbeidsmiljø
  • opplæring og veiledning
  • eit bra fagmiljø med mykje kompetanse

Arbeidstid:

Turnusen er hovudsakleg langvakter og arbeid kvar 4.helg.

Lønsvilkår:

Løn etter tariff

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

06.04.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Lærdal kommune

Kontaktpersonar:

ingvill Sjøthun

Stilling: avdelingsleiar Bu og Miljø

mob: +47 99157973

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: