Ønskjer du å bidra til eit levande kultur- og bibliotektilbod?
Engasjement som bibliotek- og kulturhusmedarbeidar
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Lærdal folkebibliotek flyttar inn i nye lokaler i Lærdal kulturhus saman med Sogn kunstsenter, kino, Bessøkssenter villaks, turistinformasjon og Laksen bakeri og kafé. Me søkjer ein serviceorientert medarbeidar som ynskjer å vera ein del av ei spennande utviklingsfase og bidra til eit levande kultur- og bibliotektilbod for innbyggjarar og besøkjande.
Om stillinga
Dette er eit engasjement i inntil 100 % stilling som er ledig frå 1. mai til 31. oktober 2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er i ein oppbyggingsfase, og arbeidsoppgåvene vil forma seg til etterkvart. Det må difor påreknast endringar og tilpassing av oppgåver undervegs.
Hovudarbeidsstad er Lærdal kulturhus og bibliotek. Stillinga har ei sentral rolle i vertskapsarbeidet i kulturhuset, og du vil møta publikum, svara på spørsmål og væra eit naturleg kontaktpunkt for dei som besøkjer huset – særleg i sommarsesongen når aktiviteten er høg.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene vil mellom anna inkludera:
- Vertskapsrolle og publikumsteneste i bibliotek og kulturhus
- Formidling av litteratur, kunst og kulturinnhald – inkludert formidling knytt til Sogn kunstsenter
- Bidra i oppstart og innflytting i nye lokale
- Praktiske driftsoppgåver og rutinearbeid
- Planlegging og gjennomføring av arrangement og aktivitetar, særleg retta mot barn og unge
- Samarbeid med dei andre aktørane i kulturhuset
- Andre oppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan bibliotek- og informasjonsfag og/eller litteratur eller kunst er ønskjeleg
- Relevant erfaring frå bibliotek, kulturarbeid eller publikumstenester kan kompensere for formell utdanning
- Erfaring med formidling og arbeid med barn og unge er ein fordel
- God digital kompetanse
- Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og trygg i møte med publikum
- Fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
Me tilbyr
- Ei spanande stilling i ein viktig utviklingsfase
- Variert arbeidskvardag med både utviklingsarbeid og publikumsdrift
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid hovudsakleg på dagtid, noko kveld- og helgearbeid må påreknast
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.04.2026
Tiltreding:
1.mai 2026 eller etter avtale
Arbeidsstad:
Lærdal kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal