Lærdal kommune

Vil du leia eit kompetent fagmiljø?

100% fast stilling som avdelingsleiar for helsesenteret

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Vil du leia eit kompetent fagmiljø og sikre gode helsetenester for innbyggarane våre? Me søkjer ein tydeleg og inspirerande leiar i kombinert stilling som ser løysingar og byggjer gode team. 

Som leiar ved Lærdal helsesenter får du det overordna ansvaret for drift, fagleg utvikling og personal. Me er ein arbeidsplass med høgt tempo, sterkt fokus på kvalitet og har eit ynskje om å vere i front når det gjeld pasienttryggleik og tenesteutvikling.  

Leiarstillinga er delt likt mellom leiar (50%) og sjukepleiar (50%). Leiar vil vera sentral i å utvikla tenestene vidare i nær dialog med dei ulike faggruppene. Arbeidsstad er ved Lærdal helsesenter.  

Arbeidsoppgåver: 

  • Leiing: personalansvar, inkludert rekruttering, HMS og kompetanseutvikling 

  • Økonomi: Ansvar for budsjettstyring, rapportering og effektiv ressursbruk 

  • Fagutvikling: Sikre at tenestene er i tråd med lovkrav og nasjonale retningslinjer 

  • Samhandling: Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta  

  • Innovasjon: Implementering av velferdsteknologi og nye arbeidsmetodar ved helsesenteret 

Kvalifikasjonar: 

  • Godkjent autorisasjon som sjukepleiar 

  • Vidareutdanning innan leiing eller økonomi/administrasjon er ynskjeleg, eventuelt arbeidserfaring som leiar 

  • Brei yrkesfagleg erfaring som sjukepleiar 

  • God IT-kompetanse 

Personlege kvalifikasjonar: 

  • Trygg i leiarrolla og evnar å motivera medarbeidarane dine 

  • Strategisk, men samtidig eit godt blikk for den daglege drifta 

  • Gode samarbeidsevner og byggjer tillit på tvers av faggrupper 

  • Løysingsorientert og handlar med ro i krevjande situasjonar 

  • Rask å setja deg inn i nye oppgåver og kunnskap, også utanfor eige fagområde 

Me kan tilby: 

  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit viktig samfunnsoppdrag 

  • Moglegheiter for personleg og fagleg utvikling 

  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø  

  • Fleksitid 

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning 

  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar. 

  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum 

  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda 

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Lærdal kommune

Kontaktpersonar:

Marianne Voldum

Stilling: Kommunalsjef

mob: +47 97582715

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: