Lærdal kommune

Ledig stilling

Kokk med fagbrev - 100 % vikariat

 

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna. 

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.   

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.   

 

Pleie og omsorg i Lærdal kommune søkjer kokk med fagbrev til arbeid på institusjonskjøkkenet ved Lærdal bu og omsorgsheim.

Kjøkkenet lagar mat til kring 60 faste tenestemottakarar kvar dag, i tillegg til faste bestillingar til andre einingar i kommunen. Me lagar norsk tradisjonsmat med fokus på gode råvarer - gjerne lokale, og mat frå botnen av. Kjøkkenet har 4 faste kokkar, som arbeider i turnus på dagtid.

Me er samlokaliserte med institusjon, heimebasert omsorg, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio- og ergoterapitenesta, koordinator og administrasjon i pleie og omsorg - med fokus på samarbeid!

Me søkjer kokk med fagbrev, som ynskjer å bidra til gode matopplevingar for våre tenestemottakarar. Arbeid på dagtid, med arbeid kvar 3 helg.

Dine oppgåver vil være knytt til produksjon av middag, dessert, bakevarer, diettar og reinhald. 

Vårt kjøkken har eit godt renommé, er eit viktig ansikt utad, og samskapar av gode opplevingar!

 

Er dette deg?

  • Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og har gode haldningar
  • Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løysinga
  • Evne til å arbeida i eit hektisk miljø
  • God til å arbeida både sjølvstendig, og samarbeide med andre
  • Gjer til kjenne det du ynskjer å lære, slik at du får den opplæringa du har behov for

 Hjå oss får du:

  • Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Mogelegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
  • Støttande leiing
  • Tilsettjing i ei trygg, offentleg verksemd 

Kva kvalifikasjonar krev vi?

  • Kokk med fagbrev
  • Gyldig politiattest
  • Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia 

Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:

  • Pensjonsordning i KLP med 2% innbetaling
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø 

 Lærdal kan by på: 

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids SFO for 1 klassinger, gratis deltids SFO til 3 klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter, rett ved Borgund sentrum
  • Eit vel av fritidsmogelegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots
  • Eit rikt organisasjon og kulturliv, med mange små og mellomstore arrangement gjennom åre, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakfisk-VM, motbakke og terrengløp

 

 

Del på:

Referansenummer:

2026/472

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

10.05.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Lærdal bu og omsorgsheim

Kontaktpersonar:

Toril Grøthe

Stilling: Einingsleiar pleie og omsorg

mob: 91360633

Trine Kvam Bjørkum

Stilling: Kjøkkensjef

mob: 99304151

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: