Sogn lokalmedisinske senter

Deltidsstilling med arbeid ei helg i månaden

Sjukepleiar/paramedic Sogn LMS

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.

Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.

Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.

Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har no ledig ei 23,5 % fast stilling som sjukepleiar/paramedic i rein helgestilling. Arbeidstida består av langvakter på 12 timar, med arbeid kvar fjerde helg. Dette inneber at du får ein relativt høg stillingsprosent, sjølv om du jobbar berre èi helg i månaden. Stillinga eignar seg godt som supplerande inntekt til anna jobb, eller i kombinasjon med studiar.

Sogn LMS har ansvar for legevaktsformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal). Me er òg legevakt for kommunane i indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).

Me ser etter deg som

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar/paramedic
  • har kurs i akuttmedisin og vald og overgrep for sjukepleiarar på legevaktssentral (tilbod om kurs ved tilsetjing om du ikkje har dette frå før)
  • har gode norskkunnskapar og evne til å formidla godt
  • har gode IKT-kunnskapar
  • har dei rette personlege eigenskapane som trengs for stillinga

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:

  • Legevaktsoperatør for kommunane i Sogn
  • Bistå vakthavande lege ved blodprøvetaking, EKG, suturering, sårstell m.m.
  • Rettleia pasientar og innringarar via telefon og videokonsultasjon

Me tilbyr:

  • Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS.
  • Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
  • Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.

Del på:

Referansenummer:

2026/814

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

19.07.2026

Tiltreding:

01.09.2026

Arbeidsstad:

Lærdal sjukehus - Sogn LMS

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: