Lærdal kommune Administrasjon

Ledig stilling

Kommunalsjef for samfunn, kultur og næring

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Er du samfunnsengasjert og brenn for å utvikla kommunen sine tenester til beste for innbyggjarane i Lærdal kommune? 

 Me har ledig nyoppretta stilling som kommunalsjef for samfunn, kultur og næring

Kommunen er inne i ei spennande tid, og du vil vera sentral for at me skal lukkast i arbeidet med å utvikla både kommunen og det interkommunale samarbeidet mellom kommunane i Sogn . Ønskjer du å gjere ein skilnad i vår kommune og i Sogn? 

Kommunalsjefområdet samlar tenestene retta mot innovasjon, samfunnsutvikling, næringsutvikling, frivilligheit og kultur. Andre tenester som kan leggast til området, er til vurdering. Kommunalsjefen er direkte underlagt kommunedirektøren og inngår i leiargruppa.  

Me ønskjer ein tydeleg og engasjert leiar som kan styrka og vidareutvikla kommunen saman med dyktige medarbeidarar.   

Kommunalsjefen skal: 

  • styra og leia tenesteområdet, gje leiarstøtte og oppfølgjing
  • ha overordna ansvar for drift og tenesteutvikling av sektoren og kommunen 
  • bidra til berekraftig tettstadsutvikling 
  • initiera og vera pådrivar for samordning og samhandling på tvers av teneste- og forvaltningsnivå 
  • etablera eksternt samarbeid med private og offentlege aktørar på relevante område, ein sentral regional utviklingsaktør 
  • sikra god økonomistyring og måloppnåing i sektoren 
  • sørga for god samhandling med politisk leiing, eksterne aktørar og samordna på tvers av kommunen sine område 
  • vere pådrivar for eit utvida interkommunalt samarbeid mellom kommunane i Sogn
  • førebu saker til politisk handsaming og følgja opp vedtak 

Me har under utvikling ein ny organisasjonsmodell, og du må kunna pårekna nye oppgåver.  

Kvalifikasjonar: 

  • høgare relevant utdanning, minimum bachelornivå (erfaring kan kompensera for utdanning) 
  • leiarutdanning er ønskjeleg 
  • har leia endringsprosessar og har prosesskompetanse
  • erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk 
  • erfaring med saksframstilling for politiske utval eller styrande organ 
  • gode IKT-kunnskapar 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk   

Eigenskapar: 

  • ha evne til å arbeida både strategisk og operativt 
  • vera lagbyggar og ha evne til å skapa gode relasjonar både eksternt og internt 
  • få til samskaping og ta ansvar på tvers av fagområde 
  • dela eigne og vera open for andre sine tankar, idear og innspel
  • er god til å formidla, forankra og få folk med på laget  
  • ha humor og arbeidsglede 

Me kan tilbyr: 

  • eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • gode velferdsordningar 
  • fleksible arbeidstidsordningar 
  • løn etter avtale 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/435

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Lærdal kommune

Kontaktpersonar:

Gunn Lerøy

mob: 45211775

Adresse:

Øyraplassen 7 6887 Lærdal

Kart: