![Lærdal kommune Pleie og omsorg](/images/image/227239/brygga.jpg)
Ledige stillingar
Helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.
Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Om du bur i bygdi frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les her.
Om stillinga
Pleie og omsorg i Lærdal kommune søkjer fleire dyktige kollegaer i 100% faste stillingar. Det er ledige stillingar både i institusjon og heimebasert omsorg.
Lærdal bu- og omsorgsheim har 22 plassar, der 6 plassar er knytt til demensavdelinga og 4 til kortidsplassar. I tillegg skal det opprettast KAD-plassar frå mai 2025.
Heimetenesta yter tenester til kring 70 tenestemottakarar rundt om i kommunen, deriblant 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustadar. Me er samlokaliserte med kjøken, aktivitetstove, demenskoordinator, fysio/ ergo, kreftkoordinator og administrasjon i pleie og omsorg, med fokus på samarbeid!
Me søkjer deg med helsefagleg utdanning til ein spennande arbeidskvardag der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillingane har turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakt på helg, og samla fri. Årsturnus. Fortløpande tilsetjing.
Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistra sin sjukdom/sine helseplager i størst mogleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden. Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialisthelsetenesta kring: medisinsk oppfølging, velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og palliasjon vil vere stikkord i ditt arbeid.
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral, ansvarsfull og gode haldningar
- Likar å jobbe med menneske
- Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løysninga
- Evne til å arbeida i eit hektisk miljø
- God til å arbeida både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Gjer til kjenne det du ynskjer å læra, slik at du får den opplæringa du har behov for
Hjå oss får du:
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
Kva kvalifikasjonar krev me?
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Ufaglærte som ynskjer å ta utdanning vert også oppfordra til å søkja
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge (heimebasert omsorg)
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkarar utanfor Skandinavia
Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
05.02.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Pleie og omsorg
Heimeside:
http://www.Laerdal.kommune.noAdresse:
Øyraplassen 7 6887 Lærdal